JM does not take responsibility for the translation

Godt på veg med storutbygginga

Nyhet 06.02.2019 15.43

JM Norge kjøpte «indrefileten» på Frekhaug. Dei er kome langt i prosjektet som skal enda med 150 nye bueiningar på Løypetona.

- 6. januar hadde me 30 personar på visning. Både folk som alt har kjøpt, og folk som er interesserte. Det var kjekt å sjå, seier Dyveke Wigand i utbyggingsselskapet JM Norge.

Bustad-salet gjekk litt trått i fjor, men utbygginga i Løypetona på Frekhaug heldt fram.

Godt i rute

Eit nytt leiligheitsbygg med 29 leiligheiter skal stå ferdig i tredje kvartal. 19 av leiligheitene er selt, og 10 er til sals.

- Toppleiligheitene forsvann fort. Det er ikkje vanskeleg å forstå når du ser utsikta. Me har folk som står i kø for å sikra seg tilsvarande leiligheitene i neste prosjekt, seier Wigand.

Utsikt over fjorden

Tomta ved sjøen, nokre steinkast frå Nordhordland folkehøgskule er blitt omtalt som «indrefileten på Frekhaug. Her er det gangavstand til Frekhaug senter, ungdomsskulane, busstopp og snøggbåten, og bustadane her kan passa for mange aldersgrupper. 150 bueiningar JM Norge kjøpte området i 2008 og utbygginga starta i 2012. Først bygde dei einebustader i rekke, så bygde dei ni tomannsbustader med hageareal og panoramautsikt over fjorden.

- Fleire av dei som kjøpte tomannsbustadane kjente kvarandre frå før, og trivest veldig godt som naboar. Tomannsbustadane var så populære at gjerne kunne ha bygd fleire av dei, seier Wigand.

Bak tomannsbustadane bygde dei eit leilighetsbygg med 37 leiligheiter. No er dei i innspurten med leiligheitsbygg nummer to. Så snart det er ferdig, begynner dei på eit nytt leiligheitsbygg med 42 leiligheiter. Før dei avslutter med eit mindre bygg med 9 leiligheiter.

Dei største går først

Leilighetene, som er under bygging no, er 54, 76 og 95 kvadratmeter i prissjiktet frå 2 490 000 til 5 600 000 kroner. Trenden er at dei største går først.

- Det var overraskande. Me hadde sett for oss større pågang på dei minste leiligheitene. Forklaringa er nok at det er bygd mange små leiligheiter i området dei siste åra, og ikkje så mange av dei større, seier Wigand. I underetasjen er det ein parkeringsplass og ein sportsbod til kvar. - Du kan ta heisen eller trappa frå garasjen og rett opp i leiligheten. Enklare blir det ikkje.

Rett ut på leikeplassen

Første leiligheit i nybygget er ferdig innreia. Den er 76 kvadratmeter, ligg i tredje etasje med utgang på bakkeplan, og blir brukt som visningsleiligheit slik at folk kan førestilla seg korleis det blir å bu her.

- Leiligheitene på bakkeplan er litt vanskelegare å selja. Mange er skeptiske til innsyn og forbipasserande tett innpå. Men det er også fordelar på bakkeplan. Her er det berre å opna døra, og sleppa borna rett ut på leikeplassen. Me legg litt ekstra i uteområdet rundt desse leiligheitene for å gjera dei meir attraktive og skjerma, seier Wigand.

Når alle bygga står ferdige, skal dei laga grusvegar til dei beste utsiktpunkta på tomten og setja opp benkar der.

- Målet er at Løypetona skal vera ferdig utbygd i 2020. Då har me bygd 150 bueiningar, seier Wigand.

BILLEDTEKST:
NYBYGG: I løpet av tredje kvartal i år, skal eit nytt leiligheitsbygg stå klart i Løypetona. - Målet er at området skal vera ferdig utbygd i 2020, seier Dyveke Wigand og Sara Hedblom i JM Norge. Alle foto: Anne-Lise Nordpoll

BILLEDTEKST:
FLOTT UTSIKT: Sjølv på ein gråversdag er det lett å sjå at det blir flott utsikt frå denne toppleiligheita.

BILLEDTEKST:
KLAR FOR VISNING: Første leiligheit i bygget er innreia, slik at det skal bli lettare for folk å førestilla seg korleis det kan bli å bu her. Innreiinga og kundekontakten er det Sara Hedblom som står for.

Skribent: Anne-Lise Nordpoll

Les her: Hele artikkelen i Strilen om Løypetona i PDF