Navn: Astrid Barrusten
Alder: 45 år
Stilling: Prosjekteringsleder i Vest, avd Trondheim
HjemJobbe i JMBli kjent med ossBli kjent med Astrid Barrusten

23. mai 2023
Navn: Astrid Barrusten
Alder: 45 år
Stilling: Prosjekteringsleder i Vest, avd Trondheim
Kan du beskrive din nåværende arbeidssituasjon?
Vi er ein liten organisasjon i Trondheim, så det er naturleg at ein blir involvert i det meste. Vi har mykje støtte frå Bergen, og etter eit par år med Teams og digitale løysingar fungerer det svært bra å jobbe på tvers av landet.
Det er særleg kjekt å jobbe med det nye byggetrinnet på Strindalia. Vi jobbar hardt for å få inn rammesøknaden før sommaren. Dei to føregåande byggetrina på Strindalia har vore ein suksess, så det blir artig å følgje opp med endå eitt trinn. Eg er òg involvert i Stavset Altura på Byåsen, som er i full gang med produksjon. Det er eit lærerikt prosjekt der vi har måtte gått fleire runder for å få økonomien på plass i prosjektet før byggestart.
På Flatåsen Fryd har vi ferdig prosjektert det første trinnet og ser fram til å få salget i gang.
Kan du fortelle litt om deg selv?
Eg er frå Skjåk, øvst og innerst i ei sidedal til Gudbrandsdalen, så langt vest ein kan kome før det bikkar over til Vestlandet. No bur eg på Byåsen i Trondheim saman med mannen min Rune og Oskar på 12 år. Heile familien er heldigvis glad i dei same aktivitetane, og det gjev oss mykje rom til å gjere det vi elskar. Om vinteren er vi på Oppdal kvar helg for å køyre ski. Oppdal har utruleg bra frikøyring, og det er mykje flott toppturterreng tilgjengeleg. Resten av året går det i vatnsport av ulike slag.
Hvilken bakgrunn har du?
Eg er utdanna sivilarkitekt ved NTNU i Trondheim og har arbeidd hjå eit arkitektfirma i Trondheim i 15 år. Der spesialiserte vi oss på skulebygg, så eg har vore med å utvikle skular over heile landet. Dei siste 5 åra der jobba eg meir som prosjekteringsleiar enn som arkitekt.
Hva var grunnen til at du valgte å begynne å jobbe i JM?
Eg brukte meir og meir av tida mi som prosjekteringsleiar enn som arkitekt, og kjente at det var noko eg ville halde fram med. I tillegg hadde eg lyst til å komme meg over på byggherresida for å kjenne på korleis det er. Eg har ein mann på byggherresida, og må nok innrømme at eg har blitt påverka opp gjennom åra. Eg har ikkje angra ein dag på at eg starta i JM, trivst veldig godt med jobben min og kollegaene.
Hva liker du best med jobben din?
Noko av det eg likar aller best med jobben hadde eg ikkje tenkt over før eg starta til JM, og det er at alle eg jobbar med har så ulik bakgrunn og er utdanna inna forskjellige fagfelt. Dette til forskjell frå da eg arbeidde som arkitekt saman med berre arkitektar. Det er skikkelig lærerikt og artig!
Så må eg sjølvsagt ha med at det er gjevande å være med utvikle prosjekt vi kan vere stolte av. Vi i vare tek god bukvalitet samtidig som vi lagar estetiske og flotte bygninger med gode uteområder. Da gjev vi attende til lokalsamfunnet også. Det meiner eg er viktig at vi gjer, vi set tross alt spor som skal stå i årevis.
Livet utenfor jobben?
Vekedagane mine går med til hente-/bringetjeneste og leksehjelp/motivering. Det er sikkert mange som kjenner seg igjen i det! I tillegg trener jeg. Jeg er spesielt glad i å løfte tungt og er kettlebell-instruktør. Vi er en gjeng venninner i nabolaget som jevnlig trener og løper sammen gjennom hele året. Vi trener enten i kjellere, garasjer eller ute rundt i nabolaget, avhengig av sesong og vær. Her får jeg både dekket mitt sosiale behov og treningsbehov samtidig. En vinn-vinn-situasjon!
Hvis heisen skulle stoppe, hvem ville du foretrukket å være sammen med?
Oj, her er det kun ett korrekt svar. Vi har nettopp fått nye kontorlokaler i 5.etg og internjustisen er knallhard. Trappa skal brukes. Eg bør ikkje bli observert i ein heis.
«Bli kjent med» er en artikkelserie i JM. Her blir man bedre kjent med menneskene i ulike avdelinger og regioner i bedriften , og hvordan vi sammen bidrar til fellesskapet i JM Norge.










28. februar 2022
Leila har fagbrev som tømrer og har jobbet som dette i 11 år. Etter fagbrevet...
© JM Norge AS 2025
Organisasjonsnummer 829 350 122
Vi ber derfor om samtykke til å behandle opplysninger om deg. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og tredjepartstjenester (YouTube og Google Maps), blant annet for å forbedre funksjonaliteten på nettstedet.
eller gjør dine valg